fredag 20. mai 2011

Puter i lange baner


Då har eg endelig fått somla meg til å gjera ferdig putene som blei påbegynt for ei god stund sidan, så no skulle alt vera klart for å nyta sommaren på terassen. (Men kor blei den av..?)

Vanligvis pleier eg å laga konvoluttåpning på puter eg syr, men denne gongen ville eg prøva glidelås, og eg blei egentlig mykje meir fornøyd med det, sjølv om det kanskje er litt meir putlearbeid med det. Billige glidelåsar fant eg heldigvis hos Stoff og Stil (for glidelåsar er ofte veldig dyrt på lokale sybutikkar). 

Mange fine fargar blei det, og endå har eg mykje stoff og fargekombinasjonar eg kunne tenkt meg å laga puter eller noko anna av, men akkurat no er eg litt lei sying.. så det får bli ein annan gong.








Denne var allerede ei pute då eg fekk ho i eit stoffbytte/-kjøp for lenge sidan, men utan lukking. Eg har ikkje hatt hjerte til å klippe ho i bitar, så då sette eg inn ein glidelås istdenfor, og så fekk ho vera pute igjen;)


Så skulle jo putene sjølvsagt bli fotografert ute i hagemøblane i eit strålande solskinn, men solskinnet ser ut til å la vente på seg, så imens me venter på at sommaren kjem tilbake, får dei spre litt fargeglede i utestova.



No har symaskinen fått sommarferie... iallefall for ei stund:)
Ønsker dåke alle ei fin helg!

3 kommentarer:

  1. Så flotte puter med herlige farger!

    SvarSlett
  2. De putene var bare utrolig lekre. For noen herlige farger og mønster. Ble rent i godt humør av å se på. Nå fikk jeg lyst til å begynne å saumfare loppemarkeder for gammelt sengetøy jeg også.
    Ellen :)

    SvarSlett
  3. I love these cushions! They are just the right mix of vintage, summer and bright and happy! They look lovely on your sofa and chair too.

    SvarSlett