Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg

fredag 9. mars 2012

Grønn utfordring


 Grønn er blitt kåra til årets farge av Fargerike, og i den anledning har Mrs. Hardy ein grønn utfording på bloggen sin, som går på å vise grønnfargar i interiøret.
Her er mine bidrag:)

fredag 20. mai 2011

Puter i lange baner


Då har eg endelig fått somla meg til å gjera ferdig putene som blei påbegynt for ei god stund sidan, så no skulle alt vera klart for å nyta sommaren på terassen. (Men kor blei den av..?)

Vanligvis pleier eg å laga konvoluttåpning på puter eg syr, men denne gongen ville eg prøva glidelås, og eg blei egentlig mykje meir fornøyd med det, sjølv om det kanskje er litt meir putlearbeid med det. Billige glidelåsar fant eg heldigvis hos Stoff og Stil (for glidelåsar er ofte veldig dyrt på lokale sybutikkar). 

Mange fine fargar blei det, og endå har eg mykje stoff og fargekombinasjonar eg kunne tenkt meg å laga puter eller noko anna av, men akkurat no er eg litt lei sying.. så det får bli ein annan gong.








Denne var allerede ei pute då eg fekk ho i eit stoffbytte/-kjøp for lenge sidan, men utan lukking. Eg har ikkje hatt hjerte til å klippe ho i bitar, så då sette eg inn ein glidelås istdenfor, og så fekk ho vera pute igjen;)


Så skulle jo putene sjølvsagt bli fotografert ute i hagemøblane i eit strålande solskinn, men solskinnet ser ut til å la vente på seg, så imens me venter på at sommaren kjem tilbake, får dei spre litt fargeglede i utestova.



No har symaskinen fått sommarferie... iallefall for ei stund:)
Ønsker dåke alle ei fin helg!

tirsdag 3. mai 2011

Nokon som kan hjelpa? Plastmatter frå House doctor

Eg har lyst på eit par slike plastmatter frå House Doctor, men har så langt ikkje klart å få tak i dei. 
Veit du om norske nettbutikkar som sel desse, så blir eg veldig glad for ei tilbakemelding.
Eg blir og glad for tips om butikkar i Bergen eller Haugesund som sel desse.

torsdag 17. mars 2011

Brikke av retrostoff


Eg er blitt veldig glad i IRA brettet som eg vant for ei tid sidan. Eg synes fargane er så friske og fine, at brettet får stå framme på kjøkkenbenken. Så såg eg at eg hadde ein del retrostoff som passa fint til brettet, og fekk derfor lyst å sy ei brikke til å ha på kjøkkenbenken.

 

Eg kom også over nokre koppar som andre ikkje skulle ha lenger, så då tok eg dei med meg heim.
Desse er frå Figgjo, og passa jo ikkje så verst inn i fargen dei heller;) Eg har 9 slike koppar og 10 asjettar, men manglar tefat. Eg blir nok ikkje noke stor samlar av dette serviset, men om noken skulle ha nokre tefat til overs, så kan eg vera interessert i å kjøpa. Sjølv treng eg ikkje 9-10 av koppar og fat heller, så om noken manglar det, så kan me kanskje bytta?


Ellers er eg også interessert i boksar frå IRA om noken skulle ha eit par å selga. Helst i størrelse "kaffiboks", ikkje kakeboks, og gjerne i rosa/oransje eller lysblå.

Har også nylig solgt eit servise som eg ikkje ville ha lenger, og dermed så har eg eit ledig skap;))
Mest av alt ønsker eg å få tak i Clupea serviset frå Figgjo, men trur nesten at eg har gitt opp å få tak i ein brukande samling til ein overkommelig pris. Så no går eg og lurer på om eg skal investera i litt PIP koppar. Det serviset er bare heilt nydelig! Meir koppar og krus er vel egentlig det siste eg trenger, men det er løye med det når ein først er blitt betatt..

søndag 13. mars 2011

Spisebrikker av retrostoff


Då har det endelig blitt litt tid framfor symaskinen etter gammalt. Dette skulle egentlig blitt puter, men pga. litt feilberekning av sømrom, blei det spisebrikker istadenfor. Når eg først skulle ha spisebrikker, ville eg ha ein farge som passa bedre til dei raudprikkete Green Gate koppane mine, så derfor kjem det spisebrikker i raudtonar også, om ikkje så brått.
Desse hadde eg egentlig ikkje tenkt å beholda sjølv, sidan det ikkje er den fargen som passar best til det eg har av koppar og kar, men så kom eg på at eg har jammen koppar som passer godt til desse og. 



Baksida er av eit gammalt lyseblått kreppdynetrekk. Dei gamle stoffa er noko tynne, slitte og tøyelige, og er derfor ei litt større utfordring å sy i enn nytt stoff. Men så har dei til gjengjeld mykje meir sjarm :)


Ellers fekk eg litt malelyst i kveld. Det er ikkje så ofte det skjer, så då var det bare å smi mens jernet var varmt.
Denne veggen i gongen har eg i grunn aldri vore heilt fornøyd med, av ein eller annan grunn. Eg fekk lyst på ein litt lunare farge, og kom på at eg hadde eit spann ståande etter oppussing av eit soverom. Så då var det bare å gå i gong.


Litt fargeforskjell ja..

Vannbasert maling er gøy! Når eg var kommen til endes på veggen, så var det å begynne i andre sida med neste strøk. Ikkje noke venting her nei. Og så var det opp igjen med ting og tang. Alt på eit par timar;)
Og slik blei det:



Ledningen skal hengast finare opp når eg får kjøpt sånne som me henger den opp med.
For dei observante så skal det komma kjøkkenlister også med tida. Men endå er det bare gått eit og eit halvt år sidan me pussa opp kjøkkenet, og mannen i huset har ein plan om å kjøpa lister ein dag, så det ser lovande ut;)

Då er denne helga snart over også. Eg må sei meg fornøyd med innsatsen denne helga med tanke på at me også har jobba dugnad i eit gammalt bygdahus både onsdag, torsdag, igår og i dag. Maling og atter maling der også, men veldig sosialt, og resultatet blir supert. Og då er det bare kjekt!

tirsdag 25. januar 2011

Vårfølelse


I denne mørke januarmånaden er H&M sin vårkatalog ein aldri så liten vitamininnsprøyting.
Det er bare å setta seg ned og nyta dei lyseblå blomstrete tekstilane, og drømma om sol og varme dagar.
Ikkje så veldig nytt og ulikt det me har sett før, kanskje.
(Får også litt sånn Green Gate følelse her, kanskje...) Men nokre av oss får vel aldri heilt nok av slike herlige fargar og mønster. Og det har sikkert H&M fått med seg og. 


Ein annan ting dei har fått med seg er at mange av oss likar puter og pledd sydd av gamle dynetrekk.
Denne puta ser nesten ut som ho kan vera sydd av det. Men bare nesten:) Det finnes også eit veldig flott sengteppe i samme mønster.

Alle bildene er forresten lånt frå H&M, og eg håpar dei synes det er greit at eg har lånt dei for å reklamera litt for dei:)



 






søndag 12. desember 2010

Sjakkruter


Årets julebakst er ikkje heilt i boks endå, men eit par sortar har me fått laga.
Ein av dei er Sjakkruter, som er ein av barndommens favorittjulekjeks.
Dersom du vil prøva deg på dei, kjem oppskrifta her:

200 gr margarin
300 gr kveitemjøl
100 gr sukker
1 ts vaniljesukker
2 ss kakao

Smuldre smøret i kveitemjølet. Ha i sukker og bland godt. (Deigen er no veldig smulete, men det blir bedre;)
Del deigen i to like store porsjoner. Tilsett vaniljesukker i den eine, og kakao i den andre.
Elt kvar porsjon godt, slik at det blir ein deig.
Del kvar deig i to like store klumper, og rull ut pølser som er ca. 1-2 cm i diameter.
Legg ei kvit og ei brun pølse inntil kvarandre, og legg dei andre to pølsene oppå desse, slik at det blir eit sjakkmønster.
Klem litt sammen, og skjær i skiver, ca. 6-7 mm tjukke.
Steik ved 200 grader i 8-10 minutter, til vaniljerutene blir litt gylne i kanten.


Hos oss forsvant mesteparten av kjeksa før dei kom i kakeboksen, så det må vel bety at dei var gode :)
Oppskrifta er heller ikkje så stor, så vil du ha masse kjeks, bør du kanskje dobla oppskrifta. Denne oppskrifta rekker til ca. 40 (små) kjeks.
Lykke til!

 I morgon er det ei ny veke igjen, og i løpet av veka håpar eg på å få komt litt lenger med julebakst, julepresangar, julepynt og julevask. Men her skal det ikkje stressast, jul blir det uansett!
Ha ei fin veke - uten julestress ;)

lørdag 4. desember 2010

Jul i vårt hus


 Her er mitt bidrag til NIB's desember utfordring "Jul i vårt hus".






















Ønsker alle ei fin førjulstid!