Viser innlegg med etiketten Hage. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hage. Vis alle innlegg

fredag 9. mars 2012

Sammenplantning - utfordring frå Moseplassen


Moseplassen har ein utfordring der temaet er "Sammenplantning".
Eg velger å bidra med sammenplantinga i trillebåra mi, som blei planta ca. ei veke før 17. mai i fjor.
Det nederste bildet er faktisk dei samme blomane 16. november!!!! Eg måtte bare knipsa dei før frosten tok dei, og dei varte faktisk nesten til jul.

Det vitnar om ein ikkje så altfor kald vinter, og uansett at eg har fått god valuta for pengane når det gjeld årets 17. mai blomar som blei kjøpt på Rema 1000:)

torsdag 29. september 2011

Tilbakeblikk på sommaren

No har det vore ein lang pause frå bloggen. I forrige innlegg venta eg på sommaren, og no er den visst over. Det vil sei, idag har det vore reine sommarværet. Når eg gjekk tur kl. 21.30 ikveld var det faktisk heile 17 grader! Og sol og varmt er det meldt heile helga! Men bortsett frå det så må me vel innsjå at hausten er kommen. Då er det kanskje på sin plass med eit lite tilbakeblikk på sommaren som var:



Den nye terassen på sørsida er blitt heilt ferdig i løpet av sommaren.
Dette blir nok den nye favorittplassen, då det er sol her nesten heile dagen, og så og sei ikkje trekk i det heile.
Ein kabeltrommel blei beisa i samme farge som terassen, og blei eit koselig bord.


Desse har tilhøyrt dei forrige eigarane av huset og er til stor glede for den nye eigaren:)
Fargar til å bli glad av!


Hundane stortrives også i den nye solkroken.


Også i år har eg vore så heldig å få masse middagsblomar frå mor & far sitt drivhus. Desse blomane er utrulig flotte. Dessverre likar sneglane dei godt også, så i år blei mesteparten planta i krukker på terassen. Der fekk dei stå og stråla i fred.






Eit lite, halvdødt rosetre som fulgte med på huskjøpet for nokre år sidan har også tatt seg opp igjen. Det har vore fullt i roser i heile sommar, og endå står det i full blom og med mange nye knoppar. Kjekt når noko i hagen går den veien og:)

fredag 8. april 2011

Tid for såing


Å kjøpa frø er like kjekt kvar vår!
Derfor er desse frøa og løkane kjøpt inn for lenge sidan, men no har eg endelig fått somla meg til å planta dei og. Fjorårets frø ligg fortsatt i posane sine og brikettane som dei skulle plantast i kom akkurat i vasken slik at dei fekk est seg ut, og der stoppa det. Så lysta til å så frø var ikkje heilt tilstades i fjor. Grunnen til det kan kanskje vera at det sjeldan har blitt særlig vellykka når eg har sådd frø. Dei begynner veldig bra, men endar som regel opp med ein lang, tynn stilk som ikkje klarer seg når den kjem ut. Dei gongene det har blitt noke av det, kan det neppe kallast frodig, og blomstringa kjem så seint igong at frosten tar dei når det begynner å likne på ein blom.

Men no gjer eg altså eit nytt forsøk i år. For det er jo like kjekt kvart år å sjå den første spiren som kjem opp, uansett om det ikkje blir noke meir enn det..
Eg har også tatt med meg nokre gode tips frå dette innlegget frå bloggen Hagen på Knatten. Spesielt råd 3 -'Prikling', noko som eg faktisk ikkje har pleidd å gjera (jaja, det burde eg sikkert visst..) Råd 1 - 'Mykje lys og lite varme' var også litt nytt for meg då eg faktisk har trudd at ein del varme bare var bra.
Råd 4 - 'Knipe toppene' er kanskje litt "skummelt", spesielt når ein ikkje er heilt sikker på om ein har forstått det heilt rett. Er jo ikkje kjekt å knipe av noko som er friskt, men det høyres jo logisk ut for å få lubne planter.

Denne bloggen er altså verdt eit besøk dersom du skal så frø og er litt amatør, sånn som meg. Eg fann iallefall veldig mange grunnar her til kvifor mi såing ikkje har blitt så vellykka;)
Ein annan hageblogg som absolutt er verdt eit besøk er Moseplassen. Her finn du masse god informasjon og bl.a. video av korleis du priklar, deler staudar mm.


Eg har ikkje så store plassen som egnar seg til å ha potter ståande. Vinduskarmane er stort sett fulle med blomar og pynt, samt ein del orkidear som står til lagring til dei får nye blomar. Derfor blei det ikkje så veldig mange pottene i denne omgong. Men eg kjem til å planta i litt fleire potter ute når det blir litt varmare i solveggen.

I tillegg til frø har eg også planta nokre løkar. Det er anemoner (Anemone coronaria), ranunkler (Ranunculus asiaticus) og flatklokke (Platycodon grandiflorus). Eg hadde håpa at alle desse var blomar som du ikkje treng ta inn om vinteren, men no er eg ikkje sikker lenger.. Det står ikkje noke på pakken og eg fann ikkje heilt klar informasjon om dette på nettet, men har ein mistanke om at iallefall ranunklene må inn om vinteren. Hvis noken veit det, så blir eg glad for kommentarar.

Då er det bare å venta på den første spiren:)

tirsdag 1. mars 2011

Eg gler meg!

I dag er det 1. mars og den første dagen i den første vårmånaden. Då passa det fint å hiva seg med på Moseplassen si utfordring "Hva gleder du deg til i hagen i år?"

Det er så utrulig mykje eg gler meg til, så dette trur eg blir eit langt innlegg..

Først og fremst gler eg meg til krokusane og tulipanane som eg planta i haust kjem opp. Det blir spennande å sjå nye blomar og fargar på ein plass eg ikkje har hatt blomar før.

Å planta frø og blomar i krukker og kar gler eg meg veldig til. Det er ingenting som er meir spennande på denne årstida enn å sjå nye spirer som kjem opp av jorda!






Eg gler meg og til at denne karen skal få fersk løvetann kvar dag. Det er det beste han veit, og er det ei avling som aldri sviktar, så er det løvetannen!


Eg gler meg også til å besøka sommarplassen vår igjen, som er ein holme i Hardanger. Her har mamma og pappa laga mange fine hagar og skråningar med blomar, trapper og lykter.  
I tillegg veks det masse fine  blomar der, som eg aldri ser ellers. Ifølge far min er det visst ei naturleg blomstereng som veks der. Denne er han veldig opptatt av å bevara, derfor klipper me ikkje graset før denne er utblomstra. Det var også her eg kunne plukka og eta markjordbær for første gong, og det er fortsatt like spennande kvart år.




Sist, men slett ikkje minst, gler eg meg til å ligga strekk ut på terassen og nyta varmen og denne utsikta mens eg høyrer på radioen, plenklipparar, fuglekvitter og glade ungar.





Jepp, eg gler meg! I går var det nydelig vær her, i dag regnar det. Men det gjer ingenting. Det går rette veien no, og eg fekk jammen litt vårfornemmelse bare av å skriva dette innlegget. No trur eg rett og slett eg går i gong med sying av puter til hagemøblane. Sjølvsagt i spreke vårfargar!

Ha ein fin første vårdag!
Og i dag kan eg vel trygt signera med
Vårglad:)


Fleire bidrag og informasjon om konkurransen finn du her



onsdag 9. februar 2011

Frøken Strålende


I dag legg eg ut eit bilde som eg har vist på bloggen tidlegare, fordi dette er mitt bidrag til Moseplassen sin konkurranse "Frøken Solslikk 2011"

Bildet i seg sjølv er nok ikkje eit stort blinkskudd, og dessverre var blomen litt utblomstra før eg kom på å ta bilde av den (det var mange fleire blomar og fargar før bildet blei tatt), men eg velger likevel dette bildet fordi dette er ein av dei finaste sommarblomane eg veit om. Mamma og pappa dyrkar desse i bøtter og spann i drivhuset sitt kvart år, så desse får eg alltid ein heil del av. Gler meg til ny ladning i år!!

Tekst til bildet:

Middagsblomen er ein nydelig blom som står der så optimistisk og stråler i solskinn. Om kvelden lukker den seg, og når det er overskya opnar den seg ikkje, men så snart det kjem sol opnar den seg og stråler i alle slags glade farger. Kanskje litt lik oss mennesker, i grunn :-)


torsdag 30. september 2010

Klar for neste års jordbær

I år var det ikkje den heilt store gleda over jordbærplukkinga. I ein overvokst jordbæråker med 1 million sneglar og andre kryp, var det rett og slett litt guffent. Minst halvparten av bæra blei ete opp av krypande gjester, eller dei var råtna fordi dei var blitt liggande i molda.

Etter å ha sett på mange blomsterkassar og -pyramider som var både små og dyre, fant eg ut at me fekk laga noko sjølv. Så då blei det restane av bordkledningen frå utestova som blei brukt.
Har også lagt på plast denne gongen, så unngår me forhåpentligvis ugras, at plantene sprer seg ukontrollert og at bæra blir liggande i molda og råtne.

Ein og annan snegle klarar sikkert å kava seg opp her og, men det blir uten tvil mykje bedre.
I blomsterbedet rundt kanten nedanfor jordbærkassen har eg planta grasløk, sitronmelisse o.l., og gjort plass til litt urter.

Jordbærplantene var litt medtatte etter flyttinga som gjekk over eit par dagar, så dei heng litt med hodet her. Men til våren er dei nok friske og raske igjen.
Gler meg til våren eg :)



Viser også eit fint skilt som eg kjøpte på Kremmerhuset. Dette har fått plass i utestova.