Viser innlegg med etiketten Uterom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Uterom. Vis alle innlegg

torsdag 29. september 2011

Tilbakeblikk på sommaren

No har det vore ein lang pause frå bloggen. I forrige innlegg venta eg på sommaren, og no er den visst over. Det vil sei, idag har det vore reine sommarværet. Når eg gjekk tur kl. 21.30 ikveld var det faktisk heile 17 grader! Og sol og varmt er det meldt heile helga! Men bortsett frå det så må me vel innsjå at hausten er kommen. Då er det kanskje på sin plass med eit lite tilbakeblikk på sommaren som var:



Den nye terassen på sørsida er blitt heilt ferdig i løpet av sommaren.
Dette blir nok den nye favorittplassen, då det er sol her nesten heile dagen, og så og sei ikkje trekk i det heile.
Ein kabeltrommel blei beisa i samme farge som terassen, og blei eit koselig bord.


Desse har tilhøyrt dei forrige eigarane av huset og er til stor glede for den nye eigaren:)
Fargar til å bli glad av!


Hundane stortrives også i den nye solkroken.


Også i år har eg vore så heldig å få masse middagsblomar frå mor & far sitt drivhus. Desse blomane er utrulig flotte. Dessverre likar sneglane dei godt også, så i år blei mesteparten planta i krukker på terassen. Der fekk dei stå og stråla i fred.






Eit lite, halvdødt rosetre som fulgte med på huskjøpet for nokre år sidan har også tatt seg opp igjen. Det har vore fullt i roser i heile sommar, og endå står det i full blom og med mange nye knoppar. Kjekt når noko i hagen går den veien og:)

mandag 6. juni 2011

Uterommet

NIB's utfordring denne måneden er uterommet. Det er kjekt med desse utfordringane, ein kjeme litt lettare i sving og får gjort litt av det ein bare har tenkt på. Og ikkje minst får ein mykje god inspirasjon.

Eg har mange koselige krokar og sitteplassar rundt huset, men har ikkje heilt fått "flytta ut" for sesongen endå, så eg får visa dei som er sommarklare. Denne gongen er det imidlertid ikkje meg det har stått på, eg har vore sommarklar i to somrar og to vintrar no, men sommarværet har dessverre latt venta på seg, her også. Men nokre fine dagar har me hatt, så får me bare håpa at det blir mange, mange fleire, for dette klarar me meir av!


 Go' kroken

 Utestova.
Her oppholder me oss veldig masse. Når været er for dårlig til å sitta ute, på kjøligare kveldar, eller når det rett og slett er for varmt, så er det svalare her.


Og solkroken!



Masse flotte uterom og inspirasjon kan du finna her


Ellers har eg besøkt mange av dåke i det siste, men hos nokre av dåke får eg framleis ikkje til å legga igjen kommentar. Eg trudde dette var noke som ville bli fiksa snart, då eg høyrte at fleire hadde problem med dette. Men det har vart veldig lenge no, og eg ser andre kommenterer, så er det kanskje noko eg må gjera sjølv for å fiksa det??

fredag 20. mai 2011

Puter i lange baner


Då har eg endelig fått somla meg til å gjera ferdig putene som blei påbegynt for ei god stund sidan, så no skulle alt vera klart for å nyta sommaren på terassen. (Men kor blei den av..?)

Vanligvis pleier eg å laga konvoluttåpning på puter eg syr, men denne gongen ville eg prøva glidelås, og eg blei egentlig mykje meir fornøyd med det, sjølv om det kanskje er litt meir putlearbeid med det. Billige glidelåsar fant eg heldigvis hos Stoff og Stil (for glidelåsar er ofte veldig dyrt på lokale sybutikkar). 

Mange fine fargar blei det, og endå har eg mykje stoff og fargekombinasjonar eg kunne tenkt meg å laga puter eller noko anna av, men akkurat no er eg litt lei sying.. så det får bli ein annan gong.








Denne var allerede ei pute då eg fekk ho i eit stoffbytte/-kjøp for lenge sidan, men utan lukking. Eg har ikkje hatt hjerte til å klippe ho i bitar, så då sette eg inn ein glidelås istdenfor, og så fekk ho vera pute igjen;)


Så skulle jo putene sjølvsagt bli fotografert ute i hagemøblane i eit strålande solskinn, men solskinnet ser ut til å la vente på seg, så imens me venter på at sommaren kjem tilbake, får dei spre litt fargeglede i utestova.



No har symaskinen fått sommarferie... iallefall for ei stund:)
Ønsker dåke alle ei fin helg!

tirsdag 1. mars 2011

Eg gler meg!

I dag er det 1. mars og den første dagen i den første vårmånaden. Då passa det fint å hiva seg med på Moseplassen si utfordring "Hva gleder du deg til i hagen i år?"

Det er så utrulig mykje eg gler meg til, så dette trur eg blir eit langt innlegg..

Først og fremst gler eg meg til krokusane og tulipanane som eg planta i haust kjem opp. Det blir spennande å sjå nye blomar og fargar på ein plass eg ikkje har hatt blomar før.

Å planta frø og blomar i krukker og kar gler eg meg veldig til. Det er ingenting som er meir spennande på denne årstida enn å sjå nye spirer som kjem opp av jorda!






Eg gler meg og til at denne karen skal få fersk løvetann kvar dag. Det er det beste han veit, og er det ei avling som aldri sviktar, så er det løvetannen!


Eg gler meg også til å besøka sommarplassen vår igjen, som er ein holme i Hardanger. Her har mamma og pappa laga mange fine hagar og skråningar med blomar, trapper og lykter.  
I tillegg veks det masse fine  blomar der, som eg aldri ser ellers. Ifølge far min er det visst ei naturleg blomstereng som veks der. Denne er han veldig opptatt av å bevara, derfor klipper me ikkje graset før denne er utblomstra. Det var også her eg kunne plukka og eta markjordbær for første gong, og det er fortsatt like spennande kvart år.




Sist, men slett ikkje minst, gler eg meg til å ligga strekk ut på terassen og nyta varmen og denne utsikta mens eg høyrer på radioen, plenklipparar, fuglekvitter og glade ungar.





Jepp, eg gler meg! I går var det nydelig vær her, i dag regnar det. Men det gjer ingenting. Det går rette veien no, og eg fekk jammen litt vårfornemmelse bare av å skriva dette innlegget. No trur eg rett og slett eg går i gong med sying av puter til hagemøblane. Sjølvsagt i spreke vårfargar!

Ha ein fin første vårdag!
Og i dag kan eg vel trygt signera med
Vårglad:)


Fleire bidrag og informasjon om konkurransen finn du her



lørdag 4. desember 2010

Jul i vårt hus


 Her er mitt bidrag til NIB's desember utfordring "Jul i vårt hus".






















Ønsker alle ei fin førjulstid!


torsdag 30. september 2010

Klar for neste års jordbær

I år var det ikkje den heilt store gleda over jordbærplukkinga. I ein overvokst jordbæråker med 1 million sneglar og andre kryp, var det rett og slett litt guffent. Minst halvparten av bæra blei ete opp av krypande gjester, eller dei var råtna fordi dei var blitt liggande i molda.

Etter å ha sett på mange blomsterkassar og -pyramider som var både små og dyre, fant eg ut at me fekk laga noko sjølv. Så då blei det restane av bordkledningen frå utestova som blei brukt.
Har også lagt på plast denne gongen, så unngår me forhåpentligvis ugras, at plantene sprer seg ukontrollert og at bæra blir liggande i molda og råtne.

Ein og annan snegle klarar sikkert å kava seg opp her og, men det blir uten tvil mykje bedre.
I blomsterbedet rundt kanten nedanfor jordbærkassen har eg planta grasløk, sitronmelisse o.l., og gjort plass til litt urter.

Jordbærplantene var litt medtatte etter flyttinga som gjekk over eit par dagar, så dei heng litt med hodet her. Men til våren er dei nok friske og raske igjen.
Gler meg til våren eg :)



Viser også eit fint skilt som eg kjøpte på Kremmerhuset. Dette har fått plass i utestova.

lørdag 18. september 2010

Haust på trappa


Då er hausten kommen.
Litt koselig óg når ein kan ta vekk sommarblomane som slett ikkje er så fine lenger, og pynta med lyng i nydelige fargar. Lyslykter lager óg litt kos no når kveldane blir mørkare.