Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg

søndag 12. desember 2010

Sjakkruter


Årets julebakst er ikkje heilt i boks endå, men eit par sortar har me fått laga.
Ein av dei er Sjakkruter, som er ein av barndommens favorittjulekjeks.
Dersom du vil prøva deg på dei, kjem oppskrifta her:

200 gr margarin
300 gr kveitemjøl
100 gr sukker
1 ts vaniljesukker
2 ss kakao

Smuldre smøret i kveitemjølet. Ha i sukker og bland godt. (Deigen er no veldig smulete, men det blir bedre;)
Del deigen i to like store porsjoner. Tilsett vaniljesukker i den eine, og kakao i den andre.
Elt kvar porsjon godt, slik at det blir ein deig.
Del kvar deig i to like store klumper, og rull ut pølser som er ca. 1-2 cm i diameter.
Legg ei kvit og ei brun pølse inntil kvarandre, og legg dei andre to pølsene oppå desse, slik at det blir eit sjakkmønster.
Klem litt sammen, og skjær i skiver, ca. 6-7 mm tjukke.
Steik ved 200 grader i 8-10 minutter, til vaniljerutene blir litt gylne i kanten.


Hos oss forsvant mesteparten av kjeksa før dei kom i kakeboksen, så det må vel bety at dei var gode :)
Oppskrifta er heller ikkje så stor, så vil du ha masse kjeks, bør du kanskje dobla oppskrifta. Denne oppskrifta rekker til ca. 40 (små) kjeks.
Lykke til!

 I morgon er det ei ny veke igjen, og i løpet av veka håpar eg på å få komt litt lenger med julebakst, julepresangar, julepynt og julevask. Men her skal det ikkje stressast, jul blir det uansett!
Ha ei fin veke - uten julestress ;)

torsdag 7. oktober 2010

Middagsplaner?

Er du også lei av å lure på kva du skal ha til middag kvar dag?
Og når du skal skrive handleliste eller er i butikken så kjem du i alle fall ikkje på noko som helst...
Då er kanskje middagsplan tingen for deg og. For oss har det fungert heilt supert!

Ikkje bare slepp du å lura på kva du skal finna på, men det gjer det også veldig lett å handle for ei heil veke i slengen. Eg skriv også opp tilbehør til kvar middag, slik som saus og grønnsaksblanding, så då er det jo veldig enkelt å skriva handlelista også.

Eg har laga liste for 6 veker om gongen, men det går veldig snart, så ein kan gjerne laga for enda lenger tid.
Eit visst system har me faktisk i middagane òg; mandagen er det fisk, onsdagen er det lettare/raskare middagar slik som suppe, pølser i brød, omelett, speilegg osv. Fredagen er det jo helg, så då blir det meir "helgamat" slik som pizza, taco osv. Søndagen må me jo sjølvsagt ha ein bedre søndagsmiddag.
Lørdagen har eg sett open. Denne dagen er det meininga at me skal prøve noko nytt, frå den enorme (men lite utprøvde ;) samlinga med oppskrifter som eg har samla gjennom fleire år. På den måten er det bare lørdagen eg treng å konsentrera meg om, og då er sjansen stor for at eg faktisk prøver ei av alle dei lekre oppskriftene. Det er viktig å finna nye ting av og til, ellers kan ein gå glipp av mykje godt. Spesielt eg som er skikkelig vanedyr...

No er det sikkert ikkje så lett å komma på kva middager ein skal skriva på planen heller, så det me gjorde var først å ta ein "brainstorming" på alle middager me har pleid å ha, både no og før. Og middager me burde ha, eller har tenkt å prøva. Deretter var det bare å plukka.
Når me laga middagsplanen var sjølvsagt alle familiemedlemmene tilstades og fekk bestemma litt kvar.
Så dette fungerte som sagt utmerket, og kan anbefalast på det varmaste!

Til slutt litt hauststemning frå Nille. Dette kom på den nette sum av kr. 60,-.
Ikkje noke å sei på prisen:)