Viser innlegg med etiketten Kvardagsliv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kvardagsliv. Vis alle innlegg

torsdag 30. september 2010

Klar for neste års jordbær

I år var det ikkje den heilt store gleda over jordbærplukkinga. I ein overvokst jordbæråker med 1 million sneglar og andre kryp, var det rett og slett litt guffent. Minst halvparten av bæra blei ete opp av krypande gjester, eller dei var råtna fordi dei var blitt liggande i molda.

Etter å ha sett på mange blomsterkassar og -pyramider som var både små og dyre, fant eg ut at me fekk laga noko sjølv. Så då blei det restane av bordkledningen frå utestova som blei brukt.
Har også lagt på plast denne gongen, så unngår me forhåpentligvis ugras, at plantene sprer seg ukontrollert og at bæra blir liggande i molda og råtne.

Ein og annan snegle klarar sikkert å kava seg opp her og, men det blir uten tvil mykje bedre.
I blomsterbedet rundt kanten nedanfor jordbærkassen har eg planta grasløk, sitronmelisse o.l., og gjort plass til litt urter.

Jordbærplantene var litt medtatte etter flyttinga som gjekk over eit par dagar, så dei heng litt med hodet her. Men til våren er dei nok friske og raske igjen.
Gler meg til våren eg :)



Viser også eit fint skilt som eg kjøpte på Kremmerhuset. Dette har fått plass i utestova.

lørdag 18. september 2010

Haust på trappa


Då er hausten kommen.
Litt koselig óg når ein kan ta vekk sommarblomane som slett ikkje er så fine lenger, og pynta med lyng i nydelige fargar. Lyslykter lager óg litt kos no når kveldane blir mørkare.




fredag 3. september 2010

Nå blir det SOL SOL SOL


Jippi!
Sånn ser langtidsvarselet ut her hos oss idag. Dette skal nytast til fulle. Nå skal det malast, ryddast i hagen, spikrast litt her og der, og nytast på terrassen med god mat og drikke.
Kanskje får båten seg ein liten tur ut av båthavna og.
Kort sagt; alt som me fekk gjort alt for lite av i sommar.

I kroppen føles det nesten som om det er våren som kommer. Og det er kanskje litt nedsig å få vårfornemmelse no i september... Men litt sol gjer nå godt uansett om det er vår eller haust.

Ha ei fin helg alle sammen:)

onsdag 25. august 2010

Definitivt over?


Sommaren i år har latt venta på seg. Skikkelige sommardagar kan vel nesten tellast på ei hånd og to, og har komme så spredt at ein har ikkje før merka at de kom før de var vekke igjen. Putene i hagemøblane har ikkje blitt sletne i år, eg trur dei var framme ein gong.. Solsenga kjem nok aldri til å tørka igjen etter at eg lot ho stå ute over natta ein dag eg trudde finværet skulle vara i to dagar. Sidan har det regna...
Hagemøblane som skulle malast manglar fortsatt eit strøk, det samme gjer huset og terrassegolvet som skulle beisast. Jaja, så har me i alle fall noko å gjera neste sommar og.

No må me vel innfinna oss med at hausten er kommen. Hausten er òg ei fin tid, men endå finare når me virkelig har fått blitt lei av sommar (går det an egentlig?), og med rikelig med D-vitaminer og gode sommarminner innanbords.
Til helga kan eg såvidt skimta ei sol på yr.no, og kanskje får dei rett dei som seier at september skal bli veldig fin. (Mon tru om det var dei samme som sa at heile august skulle bli fin?)

Desse bildene er i alle fall frå ein flott sommardag. Eller var det nesten haust då, sidan det var for bare eit par veker sidan? Herlig var det i alle fall! Det er slike dagar me likar best.
Men ved nærmare ettertanke; når været er det som opptar oss og me klagar over, så har me det ikkje så aller verst likevel!


Nydelige middagsblomar. Så optimistiske der dei står og stråler i alle slags fargar. Men dei stråler og opnar seg bare når det er sol, eller i alle fall mykje lys. Kanskje litt like på oss mennesker?


Og flotte fargar i blomster-båten som pappa har laga.


Trillebåra med dei to skjønne soppdamene måtte forevigast også, sjølv om margerittane her var nesten utblomstra.