tirsdag 24. august 2010

Heldige meg!!


Som så mange andre, har eg og ei stund vore på jakt etter dyntrekk frå 70-talet. Med glade mønster og spreke fargar, er desse heilt utrulig flotte å sy bl.a. dukar og lappetepper av. Men dessverre så er dei svært vanskelige å få tak i, sidan me er mange som ønsker oss desse.
Eg har likevel vore så heldig å gjera dette herlige funnet, som har tilhøyrt ei gammal dame.
Men eg manglar endå nokre fargar som eg gjerne vil ha, og håpar derfor at noken vil bytta med meg.
Eg er og interessert i å kjøpa, så hvis noken har slike stoffer liggande, så blir eg veldig glad om du tar kontakt med meg:-)
 



Eg fant og denne nydelige mugga frå Egersund og eit fat frå Figgjo som fekk vera med heim.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar