søndag 12. desember 2010

Sjakkruter


Årets julebakst er ikkje heilt i boks endå, men eit par sortar har me fått laga.
Ein av dei er Sjakkruter, som er ein av barndommens favorittjulekjeks.
Dersom du vil prøva deg på dei, kjem oppskrifta her:

200 gr margarin
300 gr kveitemjøl
100 gr sukker
1 ts vaniljesukker
2 ss kakao

Smuldre smøret i kveitemjølet. Ha i sukker og bland godt. (Deigen er no veldig smulete, men det blir bedre;)
Del deigen i to like store porsjoner. Tilsett vaniljesukker i den eine, og kakao i den andre.
Elt kvar porsjon godt, slik at det blir ein deig.
Del kvar deig i to like store klumper, og rull ut pølser som er ca. 1-2 cm i diameter.
Legg ei kvit og ei brun pølse inntil kvarandre, og legg dei andre to pølsene oppå desse, slik at det blir eit sjakkmønster.
Klem litt sammen, og skjær i skiver, ca. 6-7 mm tjukke.
Steik ved 200 grader i 8-10 minutter, til vaniljerutene blir litt gylne i kanten.


Hos oss forsvant mesteparten av kjeksa før dei kom i kakeboksen, så det må vel bety at dei var gode :)
Oppskrifta er heller ikkje så stor, så vil du ha masse kjeks, bør du kanskje dobla oppskrifta. Denne oppskrifta rekker til ca. 40 (små) kjeks.
Lykke til!

 I morgon er det ei ny veke igjen, og i løpet av veka håpar eg på å få komt litt lenger med julebakst, julepresangar, julepynt og julevask. Men her skal det ikkje stressast, jul blir det uansett!
Ha ei fin veke - uten julestress ;)

3 kommentarer:

  1. Hei.De så gode ut.Godt med sjakkruter.Tusen takk for oppskriften.Dem må prøves.Nydelig svibel.Svibel hører julen til.Ønsker deg en riktig fin førjulsuke videre.Klem fra Bodil.

    SvarSlett
  2. YES!
    Der var det endelig ei skikkelig oppskrift og fremgangsmåte på dei der! :o)

    Har aldri sett de før på blogger nå i år.
    Takk for at du dele snupps!

    SvarSlett
  3. Såg at det var komt ein liten trykkleif i oppskrifta. Skivene skal sjølvsagt vera 6-7 mm tjukke, ikkje cm. Men det skjønte vel dei fleste:)

    SvarSlett