søndag 13. mars 2011

Spisebrikker av retrostoff


Då har det endelig blitt litt tid framfor symaskinen etter gammalt. Dette skulle egentlig blitt puter, men pga. litt feilberekning av sømrom, blei det spisebrikker istadenfor. Når eg først skulle ha spisebrikker, ville eg ha ein farge som passa bedre til dei raudprikkete Green Gate koppane mine, så derfor kjem det spisebrikker i raudtonar også, om ikkje så brått.
Desse hadde eg egentlig ikkje tenkt å beholda sjølv, sidan det ikkje er den fargen som passar best til det eg har av koppar og kar, men så kom eg på at eg har jammen koppar som passer godt til desse og. 



Baksida er av eit gammalt lyseblått kreppdynetrekk. Dei gamle stoffa er noko tynne, slitte og tøyelige, og er derfor ei litt større utfordring å sy i enn nytt stoff. Men så har dei til gjengjeld mykje meir sjarm :)


Ellers fekk eg litt malelyst i kveld. Det er ikkje så ofte det skjer, så då var det bare å smi mens jernet var varmt.
Denne veggen i gongen har eg i grunn aldri vore heilt fornøyd med, av ein eller annan grunn. Eg fekk lyst på ein litt lunare farge, og kom på at eg hadde eit spann ståande etter oppussing av eit soverom. Så då var det bare å gå i gong.


Litt fargeforskjell ja..

Vannbasert maling er gøy! Når eg var kommen til endes på veggen, så var det å begynne i andre sida med neste strøk. Ikkje noke venting her nei. Og så var det opp igjen med ting og tang. Alt på eit par timar;)
Og slik blei det:



Ledningen skal hengast finare opp når eg får kjøpt sånne som me henger den opp med.
For dei observante så skal det komma kjøkkenlister også med tida. Men endå er det bare gått eit og eit halvt år sidan me pussa opp kjøkkenet, og mannen i huset har ein plan om å kjøpa lister ein dag, så det ser lovande ut;)

Då er denne helga snart over også. Eg må sei meg fornøyd med innsatsen denne helga med tanke på at me også har jobba dugnad i eit gammalt bygdahus både onsdag, torsdag, igår og i dag. Maling og atter maling der også, men veldig sosialt, og resultatet blir supert. Og då er det bare kjekt!

4 kommentarer:

  1. Fy søren!!!
    Der var det mange flotte stoffer som faktisk fekk hjerta mitt te å banke litt raskere ;o)

    Nydelig sammensatt og.
    Flinka!

    SvarSlett
  2. Hei!
    Så koselig at du vil være med på Give Away hos meg!
    Ønsker deg lykke til!

    Klem Lenemora

    SvarSlett
  3. Hei.Brikkene kjempe fine.Nydelige kopper.Gangen din ble virkelig kjempe fin.Nydelig.Ønsker deg en riktig fin uke videre.Klem fra Bodil.

    SvarSlett
  4. Heisann!

    Gøy du vil være med på min gi vekk,masse lykke til!!Velkommen som følger håper du vil trives hos meg:)

    Nydelige brikker,og farge på veggen,gøy med forandring:)

    Ha en fin helg!!

    Klem linda:)

    SvarSlett