søndag 31. oktober 2010

Ei produktiv helg


Fekk så lyst å laga ein liten fargeklatt til stova, og fargeklatt blei dei uten tvil:) Måtte prøva meg litt på geriljaborderi og, sjølv om eg ikkje våga meg på dei "hardaste" ordtaka då.
Det var faktisk ganske kjekt å sy korssting etter gammalt, så det kjem eg nok til å laga meir av. Har eit par planar på gong til nokre veggbilder. Denne her fekk nøya seg med ein plass i puta i sofaen.


Juleduken blei sydd saman og innimellom klesvask, husvask og halloweenparty.
Eg er strålande fornøyd med å faktisk ha blitt ferdig så snart på den måten.
Skulle eg planlagt å setta meg ned ein dag for å gjera den ferdig, ville eg nok vore i planleggingsfasen endå:) 121 lappar som skal syast beint og fint saman er litt putlearbeid.


Så fant eg ut at det sikkert ville vore fint men ein liten kant rundt, men hadde ikkje meir av det stoffet eg helst skulle hatt. Men eit anna stoff gjorde nytten det og.
Må sei meg fornøyd med denne, og no manglar bare bakstykke. Gler meg til friske raude og grønne fargar denne jula. Men har ingen hast då egentlig, det kan godt vera lenge til jul for min del:)


Og sist men ikkje minst har det endeleg blitt litt framgong med flisane på kjøkkenet.
Sånn har me hatt det i omtrent eit år, sidan me malte kjøkkeninnredningen. Må innrømma at me nesten ikkje la merke til det lenger, men det er jo ikkje direkte vakkert då.


Etter mykje om og men klarte me endeleg å bestemma oss for kva fliser me ville ha, og når dei først var i hus, så var det egentlig fort gjort. No gjenstår bare fuging, så har me faktisk eit normalt kjøkken igjen.
Før og etter bilder fra furu til kvitt kjem snart. Det blei ei utruleg forandring, kan nesten ikkje sjå at det er det samme kjøkkenet. 

5 kommentarer:

  1. Så fin pute og blogg og så hyggelig at du har linket til bloggen min i bloggrollen din. Jeg legger meg til som følger hos deg, hvis du vil følge meg og blir jeg veldig glad : ) Hilsen Guro

    SvarSlett
  2. Takk for hyggeleg kommentar inne hos meg.
    Pangfargar på den puta, ja! Det røde stoffet
    mitt passa jo godt inn her.
    Eg malte vårt "lakka furu"-kjøkken i ein lys farge i fjor høst, og det vart no berre sååå mykje trivelegare. Skulle ha gjort noko med benkeplata og flisene over også...

    SvarSlett
  3. Kjempefin pute og duk!!! Så flink du er!

    Har oppgradert til 3 lodd på give awayen min:) Ha en fin uke!

    SvarSlett
  4. Du e jammen flink!
    Spesielt den fargeglade puta ga meg hjertebank :o)

    Glede meg te å følga deg videre.

    SvarSlett
  5. Hei.Kjempe nydelige puter og duk.Flisene virkelig kjempe fine.Ønsker deg en riktig fin uke videre.Klem fra Bodil.

    SvarSlett