mandag 4. oktober 2010

Nye tilskudd i stoffsamlinga


Stoffsamlinga mi har auka litt sidan sist, med mange herlige fargar og mønster.
Her eg bur er det smått med loppemarknader og bruktbutikkar, så desse stoffa har eg kjøpt/bytta. 
Stoffa på dei tre første bildene har reist heilt frå Danmark, frå Junette Bay som har den flotte bloggen Hverdagsmønstre, og ein imponerande samling av retrostoffer.




Fine grønne stoff ser ut til å vera veldig vanskelig å få tak i, men litt har eg klart å få i samlinga mi.
Eit par av desse grønne kjøpte eg hos Kaspara som har den inspirerande bloggen Kasparas Regnbue.
Ho lagar masse fint og har også ei flott stoffsamling, som ho er så snill og deler med oss andre. Ho legg ut flotte stoff og stoffpakkar for salg innimellom, og er du på jakt etter stoff eller inspirasjon kan det lønna seg å ta ein tur innom bloggen hennas. Det friske stoffet nedanfor her har eg også kjøpt hos henne.



Så har eg vore så heldig å fått bytta litt stoff med Sonja (som ikkje har blogg). Er kjempefornøyd med dette byttet. Og det raude stoffet trur eg må vera noko av det finaste eg har sett!


Og litt nytt må me vel ha og. Kunne jo ikkje la desse fine stoffa hos Stoff og Stil gå forbi uten å sikra meg ein bit;)


No håpar eg å komma i gong med litt sying etterkvart, men først er det hageputene i utestova som skal få nytt trekk til vinteren, og så har eg eit juleduk-prosjekt på gong. Så i mellomtida får retrostoffa bare ligga å vera fine i hyllene sine:)

5 kommentarer:

  1. Hei.Så mye fint retro stoff.Nydelig.Kos deg masse med sying av stoffet å ha en riktig fin ny uke.Klem fra Bodil.

    SvarSlett
  2. Hei. Tusen takk for kommentaren hos meg vedr. maling av soverommene. Skjønner nå hva du mente med spreke stoffer:-) Ble skikkelig glad av å se på de flotte retrostoffene du har fått tak i. Jeg la meg til som følger, men det kom visst bare opp et grått ansikt og med etternavnet mitt. Vet du hva jeg gjør galt? Lykke til med syingen. Håper vi får se noen resultater. Klem fra Hjørdis

    SvarSlett
  3. SÅ mange kule stoffer! Det miderste grønne har jeg også en bit av! Det er utrolig kult! Takk for at du deltar på gi bort'en min:)

    SvarSlett
  4. Sonja frå Sunnfjord6. oktober 2010 kl. 11:50

    Flott at du likte dei stoffa du bytta til deg. Og så mange andre fine stoff du har fått tak i! Vart litt misunneleg. Eg må samle litt til før eg set i gang med dei "store" prosjekta. Skal sy nokre glasunderlag og gje bort til tanteungar (og kanskje foreldre). Ellers synest eg at slike småting er ei passande helsing til dei eg har fått stoff av. Lykke til med dine prosjekt:-)

    SvarSlett