fredag 8. april 2011

Tid for såing


Å kjøpa frø er like kjekt kvar vår!
Derfor er desse frøa og løkane kjøpt inn for lenge sidan, men no har eg endelig fått somla meg til å planta dei og. Fjorårets frø ligg fortsatt i posane sine og brikettane som dei skulle plantast i kom akkurat i vasken slik at dei fekk est seg ut, og der stoppa det. Så lysta til å så frø var ikkje heilt tilstades i fjor. Grunnen til det kan kanskje vera at det sjeldan har blitt særlig vellykka når eg har sådd frø. Dei begynner veldig bra, men endar som regel opp med ein lang, tynn stilk som ikkje klarer seg når den kjem ut. Dei gongene det har blitt noke av det, kan det neppe kallast frodig, og blomstringa kjem så seint igong at frosten tar dei når det begynner å likne på ein blom.

Men no gjer eg altså eit nytt forsøk i år. For det er jo like kjekt kvart år å sjå den første spiren som kjem opp, uansett om det ikkje blir noke meir enn det..
Eg har også tatt med meg nokre gode tips frå dette innlegget frå bloggen Hagen på Knatten. Spesielt råd 3 -'Prikling', noko som eg faktisk ikkje har pleidd å gjera (jaja, det burde eg sikkert visst..) Råd 1 - 'Mykje lys og lite varme' var også litt nytt for meg då eg faktisk har trudd at ein del varme bare var bra.
Råd 4 - 'Knipe toppene' er kanskje litt "skummelt", spesielt når ein ikkje er heilt sikker på om ein har forstått det heilt rett. Er jo ikkje kjekt å knipe av noko som er friskt, men det høyres jo logisk ut for å få lubne planter.

Denne bloggen er altså verdt eit besøk dersom du skal så frø og er litt amatør, sånn som meg. Eg fann iallefall veldig mange grunnar her til kvifor mi såing ikkje har blitt så vellykka;)
Ein annan hageblogg som absolutt er verdt eit besøk er Moseplassen. Her finn du masse god informasjon og bl.a. video av korleis du priklar, deler staudar mm.


Eg har ikkje så store plassen som egnar seg til å ha potter ståande. Vinduskarmane er stort sett fulle med blomar og pynt, samt ein del orkidear som står til lagring til dei får nye blomar. Derfor blei det ikkje så veldig mange pottene i denne omgong. Men eg kjem til å planta i litt fleire potter ute når det blir litt varmare i solveggen.

I tillegg til frø har eg også planta nokre løkar. Det er anemoner (Anemone coronaria), ranunkler (Ranunculus asiaticus) og flatklokke (Platycodon grandiflorus). Eg hadde håpa at alle desse var blomar som du ikkje treng ta inn om vinteren, men no er eg ikkje sikker lenger.. Det står ikkje noke på pakken og eg fann ikkje heilt klar informasjon om dette på nettet, men har ein mistanke om at iallefall ranunklene må inn om vinteren. Hvis noken veit det, så blir eg glad for kommentarar.

Då er det bare å venta på den første spiren:)

5 kommentarer:

  1. Vet ikke noe om ranunklene, men leiter du på nettet finner nok mye info. Jeg har slutet å plante frø inne, mye styr for lite. Planlegger lysthus/drivhusbygging, så da skal det sås frø herfra til evigheten. Jeg kjøper plantene ferdig på en lokal planteskole, og de har klart seg veldig godt opp gjennom årene. kjøper også på de store hagesentrene, og de har også begynt å få god kvalitet på mange av plantene. Anemoneløker har jeg aldri prøvd, de er nydelige. Klem fra meg:)

    SvarSlett
  2. Tips: Gå inn på bloggen til "Thelma Louise"

    SvarSlett
  3. Vi har også sådd i år, for første gang. Synes det var mye bra å hente i de to bloggene du har vist til. Håper vi får det til!!! Selv om et par av pottene ser heller begredelige ut. Lykke til!

    SvarSlett
  4. Koseleg syssel!
    Eg orkar ikkje alt styret med å så sjølv, men så har eg heller ikkje nokon eigna plass og halde på med det heller. Har jo faktisk gått gartnar grunnkurs i Ulvik for ein evighet sidan... og eg likar å halde på i hagen. Men det er slutt på "ut og inn" plantar, som f.eks. begonia og georginer.
    Eg har ein sort anemoner, og dei vert ikkje tatt opp, nei. Dei har iallfall overlevd så langt.
    Lykke til med prosjektet!

    SvarSlett
  5. Er også ganske ny på frøsåing, men prøver meg for andre året nå. Finner også mange nyttige tips på knatten og hos Anne med Moseplassen. Synes det er flott at de deler sin erfaring :).

    Har også anemoner og de blå klokkene du har, men vet ikke om de må inn. Mine tanker var å bare la de være ute siden det står at det er stauder,, men nå ble jeg litt usikker :).

    Lykke til med sådden :)

    SvarSlett