onsdag 25. august 2010

Definitivt over?


Sommaren i år har latt venta på seg. Skikkelige sommardagar kan vel nesten tellast på ei hånd og to, og har komme så spredt at ein har ikkje før merka at de kom før de var vekke igjen. Putene i hagemøblane har ikkje blitt sletne i år, eg trur dei var framme ein gong.. Solsenga kjem nok aldri til å tørka igjen etter at eg lot ho stå ute over natta ein dag eg trudde finværet skulle vara i to dagar. Sidan har det regna...
Hagemøblane som skulle malast manglar fortsatt eit strøk, det samme gjer huset og terrassegolvet som skulle beisast. Jaja, så har me i alle fall noko å gjera neste sommar og.

No må me vel innfinna oss med at hausten er kommen. Hausten er òg ei fin tid, men endå finare når me virkelig har fått blitt lei av sommar (går det an egentlig?), og med rikelig med D-vitaminer og gode sommarminner innanbords.
Til helga kan eg såvidt skimta ei sol på yr.no, og kanskje får dei rett dei som seier at september skal bli veldig fin. (Mon tru om det var dei samme som sa at heile august skulle bli fin?)

Desse bildene er i alle fall frå ein flott sommardag. Eller var det nesten haust då, sidan det var for bare eit par veker sidan? Herlig var det i alle fall! Det er slike dagar me likar best.
Men ved nærmare ettertanke; når været er det som opptar oss og me klagar over, så har me det ikkje så aller verst likevel!


Nydelige middagsblomar. Så optimistiske der dei står og stråler i alle slags fargar. Men dei stråler og opnar seg bare når det er sol, eller i alle fall mykje lys. Kanskje litt like på oss mennesker?


Og flotte fargar i blomster-båten som pappa har laga.


Trillebåra med dei to skjønne soppdamene måtte forevigast også, sjølv om margerittane her var nesten utblomstra.



1 kommentar:

  1. Flotte bilder. Blomsterbåten var stilig!!
    Her føles det som om høsten er kommet.
    Lekre dynetrekk du har fått. (Den som bare hadde tatt vare på stoffene fra 70 tallet).
    Ønsker deg en fin torsdag.
    Klem fra Mio

    SvarSlett