mandag 7. mars 2011

Hjertebankstoff


Eg var så heldig å vera tidleg ute då Nina la ut stoffpakkar til salgs for nokre dagar sidan.
Og det var ikkje bare kva som helst stoff heller, det var skikkelig hjertebankstoff!
Desse skal nok bli til noko fint så snart eg er ferdig med eit par andre prosjekt eg held på med.

tirsdag 1. mars 2011

Eg gler meg!

I dag er det 1. mars og den første dagen i den første vårmånaden. Då passa det fint å hiva seg med på Moseplassen si utfordring "Hva gleder du deg til i hagen i år?"

Det er så utrulig mykje eg gler meg til, så dette trur eg blir eit langt innlegg..

Først og fremst gler eg meg til krokusane og tulipanane som eg planta i haust kjem opp. Det blir spennande å sjå nye blomar og fargar på ein plass eg ikkje har hatt blomar før.

Å planta frø og blomar i krukker og kar gler eg meg veldig til. Det er ingenting som er meir spennande på denne årstida enn å sjå nye spirer som kjem opp av jorda!






Eg gler meg og til at denne karen skal få fersk løvetann kvar dag. Det er det beste han veit, og er det ei avling som aldri sviktar, så er det løvetannen!


Eg gler meg også til å besøka sommarplassen vår igjen, som er ein holme i Hardanger. Her har mamma og pappa laga mange fine hagar og skråningar med blomar, trapper og lykter.  
I tillegg veks det masse fine  blomar der, som eg aldri ser ellers. Ifølge far min er det visst ei naturleg blomstereng som veks der. Denne er han veldig opptatt av å bevara, derfor klipper me ikkje graset før denne er utblomstra. Det var også her eg kunne plukka og eta markjordbær for første gong, og det er fortsatt like spennande kvart år.




Sist, men slett ikkje minst, gler eg meg til å ligga strekk ut på terassen og nyta varmen og denne utsikta mens eg høyrer på radioen, plenklipparar, fuglekvitter og glade ungar.





Jepp, eg gler meg! I går var det nydelig vær her, i dag regnar det. Men det gjer ingenting. Det går rette veien no, og eg fekk jammen litt vårfornemmelse bare av å skriva dette innlegget. No trur eg rett og slett eg går i gong med sying av puter til hagemøblane. Sjølvsagt i spreke vårfargar!

Ha ein fin første vårdag!
Og i dag kan eg vel trygt signera med
Vårglad:)


Fleire bidrag og informasjon om konkurransen finn du her



fredag 11. februar 2011

Koselig premie i posten


Eg var så heldig å vinne Solrosa sitt lotteri for ei lita stund sidan, og i dag kom premien i posten.
Eit nydelig brett frå IRA!

Brettet er i friske, vårlige fargar, nesten så ein kan bli glad bare av å sjå på det. Så no berre ventar eg på varmare vær og at dette skal vera med ut på terrassen når me skal eta frukosten ute f.eks. :-)

Brettet var pakka inn i fint hjertepapir med eit koselig kort... 


 ..og som om dette ikkje var nok, hadde ho også lagt med 4 lys i sandkakeformer og ein pakke med flotte serviettar.



Tusen takk for ein koselig overraskelse i kvardagen, Solrosa!!

onsdag 9. februar 2011

Frøken Strålende


I dag legg eg ut eit bilde som eg har vist på bloggen tidlegare, fordi dette er mitt bidrag til Moseplassen sin konkurranse "Frøken Solslikk 2011"

Bildet i seg sjølv er nok ikkje eit stort blinkskudd, og dessverre var blomen litt utblomstra før eg kom på å ta bilde av den (det var mange fleire blomar og fargar før bildet blei tatt), men eg velger likevel dette bildet fordi dette er ein av dei finaste sommarblomane eg veit om. Mamma og pappa dyrkar desse i bøtter og spann i drivhuset sitt kvart år, så desse får eg alltid ein heil del av. Gler meg til ny ladning i år!!

Tekst til bildet:

Middagsblomen er ein nydelig blom som står der så optimistisk og stråler i solskinn. Om kvelden lukker den seg, og når det er overskya opnar den seg ikkje, men så snart det kjem sol opnar den seg og stråler i alle slags glade farger. Kanskje litt lik oss mennesker, i grunn :-)


tirsdag 25. januar 2011

Vårfølelse


I denne mørke januarmånaden er H&M sin vårkatalog ein aldri så liten vitamininnsprøyting.
Det er bare å setta seg ned og nyta dei lyseblå blomstrete tekstilane, og drømma om sol og varme dagar.
Ikkje så veldig nytt og ulikt det me har sett før, kanskje.
(Får også litt sånn Green Gate følelse her, kanskje...) Men nokre av oss får vel aldri heilt nok av slike herlige fargar og mønster. Og det har sikkert H&M fått med seg og. 


Ein annan ting dei har fått med seg er at mange av oss likar puter og pledd sydd av gamle dynetrekk.
Denne puta ser nesten ut som ho kan vera sydd av det. Men bare nesten:) Det finnes også eit veldig flott sengteppe i samme mønster.

Alle bildene er forresten lånt frå H&M, og eg håpar dei synes det er greit at eg har lånt dei for å reklamera litt for dei:)



 






onsdag 5. januar 2011

Vinter!



Brrr...gler meg til våren eg!

Desse bildene er tatt i jula. No har det meste av snøen regna vekk, men ut frå værmeldingane så ser eg ikkje vekk i frå at me kanskje får litt påfyll igjen.

Blå lys med snø på blei egentlig ganske stilig:)


søndag 12. desember 2010

Sjakkruter


Årets julebakst er ikkje heilt i boks endå, men eit par sortar har me fått laga.
Ein av dei er Sjakkruter, som er ein av barndommens favorittjulekjeks.
Dersom du vil prøva deg på dei, kjem oppskrifta her:

200 gr margarin
300 gr kveitemjøl
100 gr sukker
1 ts vaniljesukker
2 ss kakao

Smuldre smøret i kveitemjølet. Ha i sukker og bland godt. (Deigen er no veldig smulete, men det blir bedre;)
Del deigen i to like store porsjoner. Tilsett vaniljesukker i den eine, og kakao i den andre.
Elt kvar porsjon godt, slik at det blir ein deig.
Del kvar deig i to like store klumper, og rull ut pølser som er ca. 1-2 cm i diameter.
Legg ei kvit og ei brun pølse inntil kvarandre, og legg dei andre to pølsene oppå desse, slik at det blir eit sjakkmønster.
Klem litt sammen, og skjær i skiver, ca. 6-7 mm tjukke.
Steik ved 200 grader i 8-10 minutter, til vaniljerutene blir litt gylne i kanten.


Hos oss forsvant mesteparten av kjeksa før dei kom i kakeboksen, så det må vel bety at dei var gode :)
Oppskrifta er heller ikkje så stor, så vil du ha masse kjeks, bør du kanskje dobla oppskrifta. Denne oppskrifta rekker til ca. 40 (små) kjeks.
Lykke til!

 I morgon er det ei ny veke igjen, og i løpet av veka håpar eg på å få komt litt lenger med julebakst, julepresangar, julepynt og julevask. Men her skal det ikkje stressast, jul blir det uansett!
Ha ei fin veke - uten julestress ;)

lørdag 4. desember 2010

Jul i vårt hus


 Her er mitt bidrag til NIB's desember utfordring "Jul i vårt hus".






















Ønsker alle ei fin førjulstid!


mandag 29. november 2010

Lilla advent


Så var det første søndag i advent og huset er pynta for ventetida. Her hos oss er det bare lilla som gjeld, ikkje bare for å holda på tradisjonen, men fordi det er den finaste fargen eg veit.

Det er kaldt her om dagane, men nydelig vintervær og sol. Då er det godt å komma inn og fyra i ovnen og tenna alle dei lilla lysa.



Ønsker alle ei fin adventstid!


søndag 21. november 2010

Frå furu til kvitt - kjøkken før og etter

Då kan eg endeleg visa fram før og etter bilder av kjøkkenet. Det er ei stund sidan me malte det kvitt, men flisane kom på plass først for ei lita stund sidan, så det var ikkje heilt ferdig før det var gjort. Endå manglar golvlister, men dei kjem vel med tida dei også.

Her er førbildene.
Det er litt rart å tenka på at ein gong i tida var drømmen min furukjøkken. Kvitt kjøkken dengong var overhodet ikkje aktuelt i mitt hus. Men tidene forandrar seg, og det gjer vel smaken også.


Og slik blei det.
Mykje lysare og triveligare.